Fjell kommune ligg vest for Bergen i Hordaland fylke og har 1 600 tilsette. Då Lisbeth Grosvold starta som personalsjef i 2010, forstod ho raskt at ho var komen til ein arbeidsplass som tar heidring av tilsette på alvor.

– Vi har funne ein måte å gjera det på som fungerer bra. Vi feirar ein gong i året og samlar dei som da har jobba 25, 30 og 40 år i kommunen, seier Grosvold.

Tradisjonsrik feiring

I år vart det feira i januar. Då vart jubilantane inviterte på middag med underhaldning frå kulturskulen, og det vart halde innleiing ved både personalsjef og rådmann.

- Det vert særleg stas på 30- årsjubilantane som får overrekt Medaljen for lang og tro tjeneste med diplom og blomar. Alle får kvar sin vesle tale og det vert teke mange bilete av jubilantane som vi legg ut på vår webside og sender til aviser, fortel Grosvold.

Kva skjedde for 25, 30 og 40 år sidan?

På kvar feiring er det også tradisjon å sjå tilbake på kva som skjedde for 25, 30 og 40 år sidan.

- Då er det laga ein presentasjon med kva som skjedde i Fjell kommune for mellom anna 30 år sidan, i Noreg og i verda. Det kan vera alt frå lokale sportslege prestasjonar til store verdshendingar, seier Grosvold.

Leggja til rette for alle fasar i livet

Som personalsjef er ikkje Grosvold det minste uroa for at mange vel å halda fram hjå same arbeidsgjevar heile arbeidslivet.

- Det gjer meg utruleg stolt at folk vel å stå så lenge i arbeid hjå oss. Det betyr at dei trivst og får brukt kompetansen sin.

- Kompetanseutvikling står svært sterkt i Fjell kommune, og vi prøver å leggja til rette for alle fasar i livet, også seniorpolitikk, eller seinkarriere som det nå heiter, sier Grosvold.

- Det gjeld å ha ein god dialog mellom leiar og medarbeidar, og uansett kvar ein er i livet - få brukt kompetansen sin. Det er viktig at ein som arbeidstakar ikkje opplever seg akterutseilt, men vert sett på som ein ressurs, og kanskje særleg når ein tek til å få ein del år på baken, poengterer ho.

Kjenner stolthet

 - Arbeidstakarar som har stått lenge hjå same arbeidsgjevar fortener eit klapp på skuldra. Difor er Medaljen for lang og tro tjeneste viktig, og eg føler at det er ei ekstra stor ære for dei som tek imot medaljen. Når eg kjenner på den stoltheita dei opplever, då vert eg også stolt, avsluttar Grosvold.

 

Fakta om Fjell kommune

Omlag 25 000 innbyggjarar (24 821 pr. 31.12.2015)
Næringsverksemd:
fiske, jordbruk
olje/gass
service, bygg/anlegg
15 000 arbeidsplassar
Byggjer Sotra Kystby