Helse Førde HF har om lag 3 000 tilsette og er dermed den største arbeidsgjevaren i Sogn og Fjordane. Fleire av dei tilsette vier mange år av livet sitt til føretaket og nokon heile yrkeskarrieren. - Derfor er det ekstra viktig med ei markering av trufaste tilsette, seier HR - direktør Arne Skjelten.

Stå for det same som Medaljen representerer

- Vi har hatt markeringar av tilsette tidlegare også, men då har det vore litt ulikt med korleis vi har gjort det. Etter kvart har vi funne ei form der vi markerer 25-års tilsetjing med gullklokke og 40-års tilsetjing med Medaljen for lang og tro tjeneste, fortel Skjelten. - Vi starta med Medaljen etter innspel frå ein tilsett som hadde høyrt om den, og vi syntest det var eit spanande forslag. Medaljen heng høgt og vi ønsker å stå for det same som den representerer.

Høgtideleg markering

- Det er flott og ikkje minst miljøskapande å markera tilsette på denne måten. Vi er opptatt av at heile ramma rundt er ei ordentleg høgtid, og det trur eg mottakarane sett pris på, seier Skjelten. - Vi held markeringa på eit hotell der dei får kanapear og velkomstdrikke og vi har underhaldning frå eit band. Medaljeøskjene er stilt ut slik at dei tilsette som skal markerast ser dei frå scena før dei får den, fortel Skjelten. - Deretter vert det tale ved administrerande direktør, og kvar klinikkdirektør som har tilsette som skal heidrast, har skrive nokre ord om dei det gjeld. Eg som HR - direktør les opp orda til dei tilsette før administrerande direktør overrekkjer Medaljen. Det heile endar med middag på hotellet, seier Skjelten.

Tek samfunnsansvar

- Helse Førde er ein stor og viktig arbeidsplass som tar samfunnsansvar. Vi har lite med velferdsmidlar og desse prøver vi å bruke fornuftig, avsluttar Skjelten.