Marietta Acevedo har fått Medaljen for lang og tro tjenesteDet er jo i seg sjølv kanskje ein stor prestasjon, og verd å markere. I desse åra har Acevedo dessutan vore ei drivkraft i operasjonsavdelinga med sin breide kompetanse og sitt store faglege engasjement. Ho har alltid halde seg oppdatert på alt nytt og gjerne delteke på kurs og hospitering.

Acevedo har også stor arbeidskapasitet, og seier aldri nei til å stille opp ved sjukdom og når det elles trengs i avdelinga. Ho har arbeidd aktivt og stått på for å betre arbeidsvilkåra for operasjonssjukepleiarane på ymse vis. Ho har kjempa for profesjonen når det har vore mangel på spesialsjukepleiarar og det har kome forslag om ymse kriseløysingar der ein har ønska å ta inn dårlegare kvalifisert personale. Acevedohar på alle vis vore eit føredøme og inspirasjon for oss alle, desutan ein god, omsorgsfull og hjelpsam kollega.

 

Les mer om Kirkenes sykehus